tirsdag 17. april 2007

Home, sweet home

Må nesten ta med det einaste bildet vi har av alle tre :)

Beklager at det ikkje har vore oppdatering dei siste dagane. Grunnen er rett og slett fordi eg ikkje har orka å skrive noko :P

Eg kan likevel skrive ei kort oppsummering av det vi gjorde. Første dagen i Milwaukee prøvde vi å få kontakt med Børge, utan å lykkast særleg med det. Vi kjørte rundt i byen der for å sjå kva ein kunne finne på. Det enda opp med først ein film på kino, deretter ein film til - som faktisk var to filmar i ein. Til saman såg vi altså tre filmar den dagen. Ein skulle tru at amerikanske kinosalar var stappfulle, men det var dei ikkje. Vi hadde nesten heile salen for oss sjølve på kvar einaste film. Det sat kanskje tre-fire andre personar der. Mellom filmane tok vi pausar der vi kjørte rundt og såg på bilar i mange forskjellege bilbutikkar. Å kjøpe bil i USA er billeg!

Etter siste filmen var klokka plutseleg litt over elleve om kvelden. Vi tenkte derfor at det var for seint til å reise til Madison eller til Børge, så vi tok derfor inn på same motell igjen - i Milwaukee. Dagen etter var det premiere på ein film som heiter Red Line. Vi måtte sjølvsagt sjå den på kino når vi likevel var her.

Seinare same dag sette vi kursen mot Madison for å levere tilbake bilen. Det var litt over ein times kjøretur dit. På veien stoppa vi for å vaske den. Har ikkje tal på kor mange dollar eller kor lang tid vi brukte på den delen der. Vi tok det både grundig og bra - utendørs og innendørs. Det var det minste vi kunne gjere etter å ha lånt Jostein sin private bil i over tre veker.

Bilvask

Vi kom til slutt fram til Madison Taxi og gjekk inn for å treffe folket. Etter litt prat kom Charles m/dame også, og saman med dei og Jostein stakk vi til leiligheta vi overnatta i sist gong. Den er Bjørn (Bo) og Jerad (Mohead) si. Bo er ein av sonane til Jostein, men han var der ikkje sist gong, så då fekk vi treffe han denne gongen.

Dagen etter, altså på laurdag stod vi opp tidleg og blei henta av Jostein. Vi skulle ut og ete ein klassisk amerikansk frukost - for ein gongs skuld. Den består av ham and eggs og likna meir på ein middag, spør du meg. Vi vart nokså stappmette etter denne frukosten. Så gjekk turen vidare til ein plass som heiter "The House on the Rock", som bokstavleg talt var eit hus på ein stein. Det heile var ei stor samling av hus rundt dette spesielle huset. I desse husa kunne ein finne alt mulig. Det finst nesten ikkje ord for kor mykje som var der. Ein må nesten berre vere der for å forstå kor mykje det er snakk om. Vi brukte tre timar på å gå gjennom alt, og då gjekk vi fort. Her er ein link som viser litt av det vi såg der (er så mykje at eg ikkje orkar å skrive alt her):
http://www.thehouseontherock.com/html/attraction.htm
Det mest imponerande med alt dette er at det var eigd og samla av ein person. For dei tilfeldigvis er eller skal til området rundt Madison, er det verdt å ta ein tur innom dette nokså spesielle huset. Eit litt morsomt rom i sjølve huset er det såkalla Infinity Room. Det er bygd sånn at det ser ut som om det går uendelig langt bortover, og at det i tilegg er bygd nesten i lause lufta utover skogen - ganske stilig.

Infinity Room

Dette var stort sett det meste av det vi gjorde denne dagen, vi stakk til Stoughton og fekk middag, før vi reiste tilbake til leiligheta igjen for å slappe av og sove litt før vi skulle tilbake til Norge på søndag.

Opp klokka åtte, sette seg i bilen, kjøre til Jostein, pakke ut av bilen, ete donut til frukost, seie farvel til Sweetiepie, sette seg i taxien, kjøre til ein bussholdeplass, sitte/sove på bussen i tre timar til Chicago, sjekke inn på flyplassen (Henrik fekk ikkje ta med ein lufttank som hører med til paintballrifla si, så vi brukte litt tid der), vente litt, ete mat, vente litt til, sjekke ut av USA (vi måtte faktisk gi frå oss fingeravtrykk og bilde - akkurat som då vi kom inn i landet), gå ombord på flyet, sitte trongt og prøve å sove i sju timar, gå av flyet i Amsterdam, vente på neste fly, sette seg på flyet (vi bytta plass med nokon andre slik at vi fekk sitte med nødutgongen - ekstra beinplass :), sitte der i ein og ein halv time, gå av flyet på Gardermoen, sove litt på flyplassen, ta Nordfjordekspressen til Stårheim, få servert heimelaga pizza og kake klokka 01.00, sette seg i audien, kjøre til Stranda, vere framme i leiligheta vår litt før 04.00, ta ein dusj, legge seg, stå opp igjen tre timar seinare, stikke på frukost, og full arbeidsdag.
Søndag-mandag-tirsdag slag i slag. Er fortsatt litt trøtt og har heller ikkje heilt kontroll på tida enda, men reknar med det kjem seg etter kvart.

Turen har alt i alt vore ganske vellykka. Eg angrar ikkje eit sekund på at eg blei med. Det har vore ein opplevelse for livet.

Eg vil berre avslutte denne bloggen med å seie tusen takk til Jostein for lån av bil, det hadde ikkje blitt noko av utan han. Eg vil også seie takk til Odd, Svein og Per Arne som gav oss fri frå jobb (Henrik får tale for seg :P) Og sist, men ikkje minst, foreldra våre som berre har måtte finne seg i at vi stakk ;)

Borte bra, men hjemme best ;)

___________________


Vi reiste frå Stranda etter jobb den 20. mars, returnerte natt til den 17. april. Det vil seie at vi har vore på tur i 27 dagar.

Total kjørelengde:
12 852 km (7 986 miles). Tilsvarar ca. 32 % av omkrinsen rundt ekvator, eller fem gongar Sør-kapp til Nord-kapp.

Bensin brukt:
ca. 1 300 liter

Tid brukt i bilen:
ca. 150 timar, eller litt over 6 døgn

Statar vi har vore innom: 27
Illinois, Wisconsin, Iowa, Nebraska, Colorado, Utah, Arizona, Nevada, California, New Mexico, Texas, Louisiana, Mississippi, Alabama, Florida, Georgia, South Carolina, North Carolina, Virginia, District of Colombia, Maryland, Delaware, New Jersey, New York, Pennsylvania, Michigan, Indiana

Land vi har besøkt: 3 (4)
USA, Mexico, Canada, (Nederland)

Reiseruta vår (med Norge i same skala):

PS: Morsomt at det har vore så mange som har fulgt med på reisa vår ;)


Takk for oss :)

torsdag 12. april 2007

NY, baby.

Da e det på tide med en ny post fra min side. Det he blitt en stund sida sist.

Han Oddvar he dekt det meste av turen hittil, men New York-posten hans var berre fra hans og Magnus si side.
Som han skreiv so gikk ej for meg sjøl. Så ej tenkte ej kunne fortelle om min opplevelse. Dessuten e det kjekt med ett avbrekk fra å skrive historie og norsk særemne heile tida (ej håpe dåkke lese ditta, Stein-Arne og Mona. Beklage at ej ikkje he levert dei enda, men dei kjem etterkvart som dei blir ferdige. Sorry, sorry!)

Vi tok bussen sammen med Eva Grete og kjæresten henna, Trond, fra Montclair-universitet i New Jersey der Eva Grete går på skule. Etter at Eva Grete og Trond gikk fra oss på bussholdeplassen i New York City, begynte han Magnus og Oddvar å legge en slagplan.
Etter ca. 30 sekund med diskusjon hørtes det ut som en skikkelig turistrute dei hadde planlagt å gå. Ej e egentlig ikkje so veldig hypp på å gjer ting som skrike ”Ej e norsk turist!!!”, så ej bestemte meg for å tusle litt rundt i byen aleine. Det e egentlig ikkje so veldig skummelt, i og med at ej he vært en del ganga i utlandet før og blitt lært opp av både mammaen og pappaen min om korsen ej skal oppføre meg i bya (takk til begge!).

Ej visste egentlig ikkje kor ej var, men hadde lyst å rusle litt rundt i Manhattan-området.
Ej fant til slutt t-banen attmed bussholdeplassen og kjøpte meg en billett. Men da ej begynte å kike på kartet for å finne ut kor ej skulle av, fant ej ut at ej var ganske so nær sentrum. Det var egentlig berre å gå ut hoveddøra på bussholdeplassen og gå 3 kvartal bortover, så var ej med Times Square.
Dei fleste he på ett eller anna tidspunkt berre sett på nåkke for første gang, så blitt forelska i personen/tingen. Det var akkurat det ej følte da ej kom ut hoveddøra. Ditta var en by for min smak.

Ej he aldri vært i New York City før, så ej begynte berre å gå litt rundt her og der.
Etter å kjøpt postkort (litt turist må ej vel få lov å ver?), fant ej plutselig Broadway. Det var ganske spennande å gå bortover/oppover/nedover Broadway (dårlig retningssans) og sjå alle musikalane, show, opera og konserta dei hadde gåande inne i bygga. Det frista enormt å sjå ett show, men både tid og penga var faktora som gjor at det ikkje blei nåkke av.
Etterkvart havna ej på Times Square. Og for ett syn. Store skjerma overalt, folk her og der, pølseboda, folk som dreiv å kauka i gatene. Bedre enn ditta kunne det ikkje bli.

Ej bestemte meg for å finne en kaffebar der ej kunne skrive postkorta mine og få det ut av systemet.
Problemet var berre at ej ikkje hadde penn eller blyant. Så ej ga meg sjøl oppdraget i å finne en penn. Dei fleste butikkane som solgte penna var turist-butikka som solgte juggel alle turista har en tendens til å kaste bort pengane sine på (”I love NY”, mini-frihetsstatua, sjokolade forma som Empire State Building, osv, osv) og dei pennane var dyre (den billigaste kosta 6,90$...).
Så ej bestemte meg for å finne en anna plass.
For kor vanskelig kan det ver å finne en enkel penn i NY?
Veeeeeeeeldig vanskelig, viste det seg.
Etter ej hadde gått rundt i ca. 1 time fant ej en butikk som kanskje solgte penna. Men nei.... Så da var det å tusle vidare mot Central Park for å finne en anna butikk.
Mens ej gikk forbi ett kryss, satt det en fyr på hjørnet og spelte trompet. Ej stoppa opp og spurte om han kunne spele en sang. ”No” sa han. ”I dont play songs. I only play tunes from my soul, man. That ok?”. Klart det var ok sa ej og han satte i vei.
En ting skal han ha: sjela hans kan å spille. Fyren hadde virkelig talent.
Tingen var at han var fattig og det å spele musikk var levebrødet hans. Så ej ga han litt penga. Etter det sa han ”Thank you, man. Whats your name anyway?”. Ej presenterte meg som Thomas, mellomnavnet mitt, sida amerikanera har en tendens til å misfrostå navnet Henrik til tide.
”Ah, Thomas is it? Hello, brother Thomas. Im brother Randy. Brother Handy Randy. Thats what they call me here. How you doing?” Deretter var praten i gang. Ej trur ej blei ståande på det hjørnet i minst en halvtime og prata med han Randy. Han lurte på om ej spelte musikk og foreslo at vi kunne stikke og jamme. Ej hadde selvfølgelig ikkje tida, men vi avtalte at neste gang ej var i New York skulle ej ringe han (ej fikk visittkortet hans... Logisk?) og so skulle vi treffast igjen.
Like før ej gikk ga han meg visdomsorda ”Brotha Thomas, you`re not white, Im not black. We are all brotha`s and sistah`s, man.” (til diverse folk ej kjenne; ditta kan dåkke ta til dåkke!)
Etter 2 tima (ej tullakje!) fant ej til slutt en bokbutikk som solgte penna. Etter å ha betalt for meg gjekk ej ut for å finne en kaffebar.
Ditta med viste seg å ver vanskelig... Men det gikk adskillig fortare enn å finne en penn, og ej satt meg ned og skreiv korta mine. Ditta foregikk inne i Grand Central Terminal. For dei som ikkje veit ka det e, so e den en stor tog-stasjon midt i byen. Og for dei yngre, so var det der dyra fra filmen ”Madagaskar” kom springande opp etter å ha tatt t-bana for så å bli tatt av politiet. Ganske kult.
Etter det so var det ut igjen for å sjekke litt til av byen. Ej fant enda en kaffebar og kjøpte meg ett stykke kake. Ca. halve kaka blei spist før ej blei alt for kvalm.

Så var det å finne veien til Central Park (det e sjeldent ej helde meg til dei planane ej legge).
Ej kom meg til den sørligaste punktet før ej måtte snu igjen for å møte han Magnus og Oddvar så vi kunne stikke tilbake.
Vi hadde avtalt å møtast inne i Grand Central Terminal klokka halv 8. Ej kom litt tidlig, så ej satt meg ned på samme kaffebaren ej var på første gangen. Servitøren tok en kikk på meg og sa ”the same as last time?”.
Ett lite nikk og ej hadde en kopp espresso i hånda igjen.
Klokka gikk og gikk, men ingen Oddvar eller Magnus.
Litt over 8 såg ej haudet hans Magnus stikke omtrent en halv meter over alle andre og ropte på han. Men han var altfor opptatt med å ver turist og reagerte ikkje før ej ga han en ”Wet willy”.

Ka som skjedde etterat vi møttast igjen trur ej han Oddvar he dekt, så det gidd ikkje ej å skrive om igjen.

Men en ting e sikkert. New York e en by ej skal tilbake til på ett seinare tidspunkt med litt meir tid og penga å bruke.
Og visst dåkke nåkken gang drar til USA, så sørg for å ha ett par daga i New York City. En fantastisk flott by. Absolutt verdt ett besøk. Dinna byen e på topp-5 lista mi.

(Beklage for null bilde, men ej hadde ikkje kamera. Dessuten e kamera det internasjonale tegnet for "ej e turist")

Morsomt møte med grensevakta

Å kjøre inn til Canada var ikkje noko problem, men å kome seg tilbake til USA igjen viste seg å vere litt meir styr. Vi måtte svare på alle slags spørsmål, alt frå kor vi bur medan vi er her til kva vi jobbar med heime i Norge til kven det er sin bil osv. Bilen vart dei ganske så opphengt i. "So he just lend you his 40 000$ car?" direkte sitert ein av dei. Dei nølte litt etter vi svarte ja. Det var kanskje rundt fem vakter der, og alle såg like rart på oss. Dei lurte på kven som betalte for alt dette, og kor dyrt det var osv. Vi kunne ikkje gjere anna enn å smile litt og seie at vi betalte for det sjølv. Så lurte dei på kor mykje vi tjente i året. Vi svarte dei og fortalte like godt kor ruta vår hadde gått. Dei estimerte ein langt høgare totalkostnad enn den reelle, så vi kan iallfall seie at dei ikkje har kjørt den ruta før. Forslaget dei kom med på 30 000$ for heile turen var ein tanke høgt kan ein seie. Det verka som om det var første gong dei hadde vore borti noko liknande.

Alt dette var etter dei hadde spurt oss om å gå ut av bilen slik at dei kunne søke gjennom kvart minste hulrom i bilen. "You know that gun looks like an assault rifle, right?" sa han eine litt skeptisk etter dei hadde funne paintball-rifla som Henrik kjøpte i Tuscon. Henrik smilte litt og sa at ja, det visste han. Så satt vi ei stund til å venta, før vi fekk klarsignal til å kunne kjøre vidare. Dei smilte litt og ønska oss lykke til vidare på reisa. Heile sjekken tok kanskje litt over ein halv time. Hadde vi fått lov skulle vi jammen tatt bilde av ansiktsuttrykka til vaktene - heile greia var berre litt morsom syns vi.

Ellers har vi berre kjørt vidare, og er no i Milwaukee (litt nord for Chicago) på eit motell. I morgon skal vi prøve å få tak i Børge, som er her borte, før vi skal levere tilbake bilen til Jostein på fredag ein gong.

onsdag 11. april 2007

Niagara Falls og CN Tower

Tittelen seier vel det meste. Vi besøkte Niagara Falls tidlig på dagen, eller ettermiddagen for dei som bruka å stå opp litt tidlegare. Det var tydeleg ikkje høgsesong no. Lite folk og god plass til å ta bilde. Vi kunne fått bedre vær, men det var ikkje så altfor gale - litt småregn her og der. På bilda ser det kanskje litt kaldt ut, men det stemmer nokså godt. Eg vil tru fossane er mykje finare om sommaren. Det var likevel ganske morsomt å ha vore der og sett det.

American Falls og Bridal Veil Falls (med Horseshoe Falls litt i bakgrunnen) frå eit lite utkikstårn på amerikansk side

Dei same, etter å ha gått ned

Delar av den mest kjende Horseshoe Falls frå canadisk side

Eit av dei beste bilda vi har av Horseshoe Falls

Så stakk vi vidare, neste stopp: Toronto, Canada
Ein skulle nesten tru at vi var bitt av høge-bygningar-basillen, men det kan vel hende også :P

Canada National Tower (CN Tower) er verdas høgaste tårn. Toppen er ikkje mindre enn 553m over bakken, altså over ein halv kilometer rett opp! Vi måtte no sjølvsagt stikke innom sidan vi var i området, så fekk vi sjå Toronto også. Tårnet var på ein måte delt opp i fleire delar; ein del med roterande restaurant og observasjonsnivå, like under var TV-antenner og liknande (det var igrunnen det som var hovedgrunnen til at tårnet blei bygd) og ca. 100 meter lenger oppe fann vi den såkalla Skypod - verdas høgaste menneskelaga utsiktsplass (447m over bakken). Ganske god utsikt herfrå ;) På vei opp til alt dette tok vi heis med vindu utover, slik at ein såg byen medan vi ganske raskt klatra oppover tårnet.

Det første som møtte oss når vi kom opp var ein plattform av glas vi kunne stå på. Under oss då var det berre nokon cm glas, 342m luft og bakken

Ganske høgt :P


Akkurat no er vi på eit motell i Canada, ganske nær grensa til USA og Detroit. Vi ser på Extreme Engineering på Discovery Channel. Det handlar om Hoover Dam bridge - den brua dei helde-/holdt på å bygge når vi var der. Litt meir interessant når ein har vore der og sett det sjølv ;)

tirsdag 10. april 2007

Litt nytt

No er vi like ved grensa til Canada. Det er mørkt, så vi ventar med å reise vidare til dagslyset i morgon. Niagara Falls ligg på grensa, og er største grunnen til at vi tek denne ruta tilbake til Chicago. Dette er forresten eit av dei billegaste motella vi har tatt innpå i løpet av turen, 50$ for eit rom for tre. Dette er litt under ein fjerdel av det vi betalte i Washington, men det har no si forklaring - ikkje akkurat midt i byen her ;) Standarden på alle motella vi har vore på er nokså lik overalt, ganske grei i forhold til prisen.

Akkurat no ser vi på Weather Channel. Utsiktene for morgondagen ser heilt greie ut, ikkje noko å skryte av vel og merke. Dei siste dagane har været vore veldig variert over heile landet. Då vi var i Dallas var det sol og opptil 30 grader, men berre få dagar seinare var det under 10 der. Ein kan tydelegvis ikkje stole heilt på været her borte, det kan forandre seg drastisk over natta.

I dag traff vi på litt snø, og temperaturen låg litt over 0 grader heile veien. Men for å roe ned bekymra foreldre, så var det ikkje noko snø på sjølve veien, og det var heller ikkje glatt ;)

Er vi heldige blir det lite nedbør i morgon, slik at vi kan ta nokre bra bilde.

PS: No har vi berre to statar igjen på reisa vår i USA (i tilegg til Canada), Michigan og Indiana :)

mandag 9. april 2007

NY by

Etter å våkne opp til ein god påskefrukost Eva Grete hadde laga til, tok vi buss frå Montclair State University og inn til Port Authority - bussentralen i New York. Første post på programmet var Empire State Building(ESB), for min og Magnus sin del iallfall. Henrik var ikkje like gira på det, så han bestemte seg like godt for å gå litt rundt omkring åleine. På den måten fekk vi dekke meir av byen enn om alle gjekk samla :P

Det såg ut som om det var ganske lite folk i byen i dag. God plass i trafikken og rikeleg med ledige sitteplassar på subway'en, iallfall der vi var innom. Halvparten av trafikken var forresten dei kjende gule taxi'ane ;)

Som sagt gjekk eg og Magnus mot ESB. Vi bestemte oss først for å ta subway'en vekk frå Port Authority. I starten var det litt vanskeleg å orientere seg om kor ein var, men dette kom seg med tida. Etter litt fram og tilbake kom vi oss endeleg av subway'en og gjekk opp på gate-nivå. Vi gjekk litt rundt før vi såg ei bygning som kanskje ligna litt på ESB, og gjekk mot den. Ca. 6 kvartal etter kom vi til den høgaste bygninga i New York. Vi forventa nesten kø utanfor bygget, men der var det ingenting, så vi gjekk rett inn.

Dette møtte oss innfor døra

Deretter gjekk vi opp ei trapp og der begynte køa. Vi vurderte det ei stund, og det enda opp med at vi stillte oss bakerst. Det såg ikkje ut til å ta så altfor long tid, den gjekk eigentleg ganske raskt framover. Denne køa viste seg etter kvart til å berre vere billettsalget, men etter dette gjekk det forholdsvis kjappt vidare. Vi måtte gjennom ein sikkerhetskontroll, som vanleg, og så kom vi til eit punkt der køa splitta seg. Det gjekk nemleg an å bestille to typar billettar, ein vanleg og ein combo (som både var for sjølve tårnet og for NY Skyride - ein IMAX simulator som viste ein rundtur i byen). Vi kjøpte sjølvsagt combo, og derfor kunne vi gå fort forbi ein stooor del av køa som berre hadde vanlege billettar - vi sparte nok ei god stund på det.

Etter Skyride skulle vi opp i tårnet. Då måtte vi sjølvsagt stille oss i ei ny kø igjen. Totalt sett trur eg vi stod i kø i nærmare halvannen time. Så kom vi endeleg fram til heisa, og då var det 80 etasjar rett opp. Deretter måtte vi ut og inn i ei ny heis som gjekk 6 nye etasjar opp. Vi stod altså på 86. etasje og tok bilder. Der oppe kunne vi gå utendørs, noko som var ganske kaldt - vi måtte ta bilde på skift ;)

Her kjem berre mange bilder i alle retningar - må ikkje spørre oss om kva som er kva :P



Dette hugsar eg var Chrysler-bygninga. Den kjempa om å vere verdas høgaste bygning, og var det i nokre få år før ESB tok over trona i 1931.


Så gjekk vi ned igjen og fann ut at vi ville til Ground Zero - der World Trade Center stod. Vi tok subway'en igjen og fann etterkvart rett linje før vi nådde endestasjonen. Det som møtte oss når vi kom opp då var eit minnesmerke av WTC. Mykje arbeid stod igjen etter tvillingtårna - fem og eit halvt år etter.

WTC subway stasjonen

Ground Zero

Vi hadde bestemt tidlegare at vi skulle møte Henrik på Grand Central klokka 8, og den nærma seg faretruande. Ti over åtte møtte vi han, og gjekk i retning busstasjonen igjen. Det hadde blitt mørkare og på veg bort måtte vi nesten stoppe og ta eit bilde av alle skjermane som var der :P Heile gata var nesten like opplyst som på dagen.

Store skjerma, mykje folk - einaste plassen vi var på der ein kunne risikere å kollidere med andre folk når ein gjekk over gangfeltet :P

Så gjekk vi vidare bort til busstasjonen og kjøpte billettar til Montclair - noko vi trudde var korrekt. Vi skulle til Montclair State University, og etter å ha kjørt på feil buss heile veien (den gjekk til same området vel og merke) tok vi ein taxi tilbake til Paul Hall (det bygget Eva Grete bur i).

Alt i alt ein grei dag, men skal ein sjå New York må ein nok bruke minst ei veke og kanskje planlegge litt meir kva ein skal sjå før ein plutselig er der :)

søndag 8. april 2007

Washington in daylight

8.00 am - Vekkerklokka ringte
8.10 am - Vekkerklokka ringte
8.20 am - Vekkerklokka ringte
8.30 am - Vi oppfatta kva som skjedde
8.32 am - Vi låg litt lenger
8.40 am - Opp av senga

I dag var det skikkelig tungt å stå opp. Vi var trøtte etter fleire dagar med kjøring. Likevel kom vi oss opp til slutt, vi måtte tross alt utnytte den eine dagen vi hadde her i Washington. På vei ned til lobbyen med all bagasjen vår møtte vi på ei dame i heisa. "I hope you're not going camping outside" sa ho. Og når vi kom ut på gata forsto vi kvifor. Kulda slo mot oss i døråpninga, og eit tynt lag med snø hadde lagt seg. Her snakkar vi om kontrastar, i går kveld var det på langt nær så kaldt, vi måtte kanskje ha på oss ein genser, men i dag tidleg var temperaturen nede i like over 0 grader. Jakka måtte på, og hadde vi hatt det, ville vi nok brukt hue også. Vinden var den verste, likna litt på været i Norge like før vi reiste. Men vi kunne ikkje la været stoppe oss, vi måtte berre utnytte tida vi hadde.

The Capitol før snøen smelta

Det første vi møtte på var The Capitol, som låg berre få kvartal nedanfor hotellet vårt. Vi stoppa og tok nokre bilder før vi fortsatte vidare nedover The National Mall (som ikkje er eit kjøpesenter for dei som trudde det).

Washington Monument

Lenger nedover den såg vi The Washington Monument, ein obelisk med mange amerikanske flagg rundt. Her tok vi ein sving til høgre og gjekk mot The White House. I går fortalte eg om at vi kanskje skulle stikke inni det berømte huset, men det var nok litt lettare sagt enn gjort. Ein måtte nemlig ha forhåndsbestillt via ambassaden sin 3 mnd. på forhånd eller noko i den dur. For tre mnd. sidan hadde vi ikkje tenkt tanken engong på å reise hit, så det var nok litt for seint. Vi fekk likevel sett litt av det på avstand og tatt nokre bilder, men eg skal ikkje legge skjul på at det hadde vore mykje meir interessant å gått inn.

Det beste bilde vi kunne ta av Det Kvite Hus

Så nærma klokka seg 11 am, og det var på tide med frukost. Vi fann The Ronald Reagan Building, og der var det mange forskjellige fastfood-sjapper. Det som var litt morsomt, var at ved inngongen måtte vi gjennom ein sikkerhetssjekk, ganske lik dei vi må gjennom på flyplassar - alt dette berre for å få seg litt frukost. I tilegg til dette, så var det fullt av ungdommar, ungdomsskulen og litt nedover. Alle åt fastfood... på ein laurdags morgon - litt annleis enn i Norge.

Litt mindre snø, men fortsatt ein del vind

Ganske kraftig vind :P

Etter fruksot blei det The National Air and Space Museum - eitt av dei få museuma vi hadde litt interesse for ;) Her var det sjølvsagt stappfullt av folk. Ein kunne lese om alt i frå korleis fly kunne flyge, til overflatetemperaturen på Pluto. Vi gjekk rundt i nokre timar før vi bestemte oss for å stikke tilbake og hente bilen (ja, vi gjekk faktisk heile tida fram til då :P)

Lincoln Memorial

Vi kjørte litt meir rundt om i byen for å sjå litt av det som stod igjen. Medan vi kjørte fekk Magnus telefon heimafrå, og då var det ganske vanskeleg å guide han hit og dit, så då enda vi opp eit stykke nord for sentrum, ganske langt i frå trafikklys og sånt. Då tok vi berre ei rask beslutning om at vi like greit stakk nordover mot New York, i staden for å leite oss tilbake til sentrum igjen.

Før vi reiste frå Norge, hørte vi at Eva Grete bur i New York området. For dei som ikkje veit kven det er, så gjekk ho på Vestborg i klassa over meg og Magnus. Vi fekk tak i telefonnummer og ringte ho frå Washington i dag. Ho brukte litt tid på å hugse kven vi var når vi ringte, og ho visste ingenting om at vi var her borte, så det kom kanskje litt overraskande på ho. Likevel fekk vi tilbud om ein plass å bu for natta, noko vi tok imot med glede. (Stor takk til Eva Grete for det :D) Å finne hotell i New York er ein tanke for dyrt for vår smak.

Så her er vi i natt, i morgon skal vi tilbringe mesteparten av tida i byen og sjå det vi kan sjå i løpet av dagen - som vanleg... igjen :P

Så sant, så sant...

lørdag 7. april 2007

Dagen før, i Washington

Då var vi endelig i Washington. Etter mykje fram og tilbake for å finne parkeringsplass, fann vi ein litt utanfor sentrum, eit lite stykke i frå Pentagon. Det var eit parkeringshus, og tru det eller ei, det var gratis trådlaust internett i det. Vi utnytta sjølvsagt det og leita etter det billegaste hotellet vi kunne finne her i byen. Det var ikkje så lett, dei billegaste var sjølvsagt fulle. Vi enda opp på eit Holiday Inn like ved sidan av Capitol Hill, ganske gunstig plassert med tanke på morgondagen. Prisen kom på 150$ pluss parkering for rundt 50$, altså 200$ tilsaman. Dette tilsvarar ca. 12-1300,- og er noko av det aller dyraste vi har tatt inn på til no. Men det er generelt sett ikkje billeg sentralt i Washington.

No prøvar vi å lage ein liten plan for kva vi skal innom i morgon. Det blir hovudsakleg å gå rundt og sjå dei kjende bygningane og monumenta som er her, kanskje ta ein liten tur inni det kvite hus - så lenge køa er overkommeleg. Det beste av alt er at dei fleste attraksjonane her er gratis. Ein kan stikke innom Capitol bygninga, Pentagon, Det Kvite Hus og mykje anna (museum o.l.) rundt omkring, utan å leite fram lommeboka. Etter det eg har lest kan vi sjå dei som jobbar på dei forskjellege plassane - in action, noko som er litt morsomt. Men resultatet av kva vi finn på i morgon ser vi først då. Ein ting er sikkert; vi får ein stor dag i morgon og skal innom mange plassar. Vi klarar ikkje alt. Til det treng ein mange fleire dagar, men vi tek det vi rekk - som vanleg.

Ellers har det blitt litt kaldare i været, vi er tross alt lenger nord, og no har talet på statar auka til imponerande 20 stk - på litt over to veker.

Ei ny oppdatering på reiseruta vår hittil, snart i mål :D

fredag 6. april 2007

Kjøre, kjøre, kjøre

I dag stod vi opp klokka 11am og har kjørt fram til klokka 10pm. Så tok vi oss eit måltid på ein diner og deretter leita etter motell. Vi fann eit og er no ein plass midt i North Carolina. I morgon blir det Washington, men før det: Litt søvn og 5-6 timar meir kjøring :P

Ellers lite interessant i dag. Tre nye statar (Georgia, South Carolina, North Carolina), ei ny tidssone (no er vi berre 6 timar bak dokke) og no går filmen Doom på TV :P

God natt

torsdag 5. april 2007

New Orleans

Hav? Nei, "berre" ein innsjø ved New Orleans

I dag var vi innom New Orleans for å sjå byen etter orkanen Katrina. Ingen av oss visste noko om kor vi skulle, så vi kjørte rundt omkring i fire timar. På den tida fekk vi sjå ein heil del av byen og tusenvis av øydelagde og fråflytta hus. No, 19 mnd etter orkanen, er fortsatt store delar av New Orleans prega av falleferdige hus og skeive telefonstolpar. Det blir noko anna å sjå slikt på nærthold i forhold til å sjå det på TV.

Her kjem berre nokre bilder som viser litt av det vi såg:

Det gjenstår ein heil del ryddearbeid rundt omkring

Skal ein ha eit billig hus, er det lett å få tak i det her

Slik såg dei fleste telefonstolpane ut i store delar av byen


No er vi på eit motell i Pensacola. I dag har vi kjørt gjennom halve Louisiana, heile Mississippi, Alabama og litt innom Florida, altså tilsaman 15 :) I morgon blir det ein looong kjøretur oppover mot Washington.

onsdag 4. april 2007

On the road again

Etter nokre dagars pause i Phoenix er vi tilbake på vegen igjen. Dei siste dagane har det vore ganske lite å skrive om, søndagen var berre rein avslapping, vi stakk på eit kjøpesenter i Chandler – litt utanfor Phoenix. Elles har vi vore på farten sidan 9am på måndag (no er det 11pm på tirsdag), noko som forklarar lite oppdatering.

Mandagen gjekk med til eit lite besøk i Mexico. Vi tenkte vi måtte det, sidan vi var så nær grensa. Ein ser tydelig at Mexico er litt fattigare enn USA. Vi gjekk berre over grensa, og brukte kanskje ein liten halvtime der, berre for å sjå oss rundt. Så gjekk vi tilbake. Å stikke til Mexico er ikkje noko problem, då var det berre å gå gjennom ein nesten ubevokta port. Men tilbake måtte ein vise pass og oppholdstillatelse i USA før ein kunne gå inn. Det kunne vore ganske skummelt dersom vi ikkje hadde med oss passa våra. Vi kunne komt oss til Mexico, men ikkje tilbake ;P Det hadde vore litt av ein nedtur.

Det var ikkje vanskeleg å finne fram :P

Mexicansk marked

Elles såg byen litt meir sånn ut

På vei tilbake var det ein kontroll av alle bilane. Vi blei spurt om vi var amerikanarar, men vi svarte sjølvsagt nei, og sa vi var norske. Først lurte han på kven det var sin bil, deretter spurte han etter visum og vi sa at det låg i bagasjerommet. Då gjekk han bak og ville sjå nedi. Vi var halvvegs ut av bilen, men då sa han at vi berre kunne sette oss igjen. Rett før vi kjørte kommenterte han at det var ein fin bil for å vere kjørt av 19 år gamle nordmenn, og at vi måtte kjøre forsiktig :P

Utsikt over grensa til ein mexikansk by midt på natta

Så stakk vi til Tuscon slik at Henrik fekk sløse peng i ein paintball-butikk. Og mange dollar etter reiste vi vidare. Klokka var rundt 5pm, og vi hadde ein 15 timers biltur framfor oss. Målet vårt var Dallas, for der har Magnus fleire slektningar (dei fins visst overalt). Vi kjørte konstant, med berre nokre småstopp for å fylle bensin. Det var for det meste Magnus som var sjåfør, Henrik prøvde seg men måtte gi opp fordi han var for trøtt og hoppa i baksete og sov. Eg sov litt i framsete, og når Magnus måtte ha ein sovepause (klokka 10 om morgonen etter å ha kjørt gjennom to tidssoner), tok eg over rattet dei siste 100 miles’a inn til Fort Worth, før han tok over igjen og eg måtte lese kart.

Tidleg, tidleg på morgonen

Ein time etter kom vi fram eit lite stykke nord for Dallas. Der fekk vi servert god, amerikansk pizza og prata ei stund, før vi måtte sette oss i bilen igjen. Vi har etter kvart innsett at tidsskjemaet vårt er ganske stramt, så frå no av blir det færre unødvendige stopp og pausar.

Akkurat no er vi på eit Super 8 Motel i Alexandria, ein plass mellom Dallas og New Orleans. Vi skal prøve å ta igjen litt tapt søvn, før vi set kursen vidare mot New Orleans i morgon. Så blir vi der nokre timar før vi kjører mot austkysten, og vidare nordover langs den. Målet vårt er Washington D.C. om ikkje så altfor mange dagar.

PS: 12 statar ;)

søndag 1. april 2007

200 bilder seinare

Eg må berre seie ein ting: Grand Canyon er verdt å besøke for alle dei som ikkje har gjort det enda. Høgt, stort, stort, god utsikt, stort, utrulig er berre få ord som forklarar kva det er. Men uansett kor mange ord ein brukar klarer ein ikkje å seie korleis det ser ut der, så dette blir meir ein bildepost. Vi tok turen dit i dag. Opp klokka 7am, sette seg i bilen og kjøre i 3-4 timar. Henrik la seg til å sove igjen rett etter vi begynte, mens eg måtte veilede Magnus ut av Phoenix, før eg sovna.

Ein time seinare våkna eg og vi svingte av veien til ein plass som heite Sedona. Her var det nokså spesiell natur, bl. a. raude fjell i snodige former. Det er vel stort sett det som er å fortelle herfrå, bortsett frå ei litt spesiell kirke. Den er bygd på ei lita fjellhylle.

Litt spesiell?

Vidare framover kjørte vi på ein vei som var litt Trollstigen-aktig, og enda opp her

Så gjekk turen vidare til den store canyon'en, slik såg det ut rett før vi var framme med den.

Like etter... Brå overgang?

Magnus måtte sjølvsagt ut på med ein einaste gong

Henrik var litt meir skeptisk :P

Eit bilde for å indikere kor blå himmelen var

Enda meir canyon...

... Og litt til

Etter kvart som vi kjørte bortover kanten fann vi ein plass vi kunne gå ned i sjølve canyon'en.

Ja, det er Henrik som leikar seg, og ja, det er snø.

Og medan vi er inne på det må eg fortelle om at det kan vere farleg å gå ned i Grand Canyon før snøen er heilt vekk. Ein kan risikere å bli truffen av ein snøball. Vi gjekk roleg nedover, stoppa opp litt for å nyte utsikta og ta bilde. Plutselig hørte Magnus ein litt merkelig lyd, han visste ikkje kva det var, heilt til "Splaash!!" Ein snøball traff han på arma. Ganske bra gjort av nokon som kasta tilfeldig (vi trur iallfall det). Skulle ikkje tru at ein holdt på med snøballkrig i starten av april i Arizona.

Eit siste bilde lenger nede i fjellsida

Det var alt for i dag, vi har meir bilde enn dette for dei som er interessert, men det blir når vi kjem tilbake til Norge, som fortsatt er litt over to veker igjen til :)